Kategorier

Show Informasjon
Hødd - Corona
Hødd - Corona

Hødd - Corona

EIN KAMP MED TRE UTFALL!

Kjære Hødd-Familie!
Sesongstarten skulle eigentleg vere rett rundt hjørnet for både store og små, men slik er det dessverre ikkje.
Corona-viruset har gjort eit solid inntrykk i dagens samfunn og det gjer at årets sesong er utsett i første
omgang til mai. Dette skapar store utfordringar for alle idrettslaga i Noreg, også for Hødd økonomisk med
tapte inntekter som klubben sårt skulle hatt dei neste månadane for å drifte klubben.

Vi håpar derfor DU som sponsor, supporter og støttespelar vil vere med å bidra til å støtte klubben i denne
krevjande perioden vi går inn i for å kompensere for tapte inntekter som klubben får. Dette vil vere
ringverknadar som er med å støtta både topp- og breiddefotballen i Hødd. Liten, men stor!

Hødd vil derfor køyre i gang kampen der ingen kan tape!
No kan du kjøpe billett til kampen mellom Hødd og Corona. På denne måten kan du bidra til at klubben kjem
seg gjennom denne vanskelege perioden! La oss ”fylle” Høddvoll!
Det blir billettsal på vanleg måte via billettsystemet og du kan velgje mellom to billettprisar:

Kr. 100,- barn
Kr. 200,- vaksen


Hødd ynskjer også å gi noko tilbake til lokalsamfunnet av dei totale inntektene som klubben får inn:
10% går til Sørøyane Røde Kors
10% går til Ulstein Frivilligsentral


Det betyr at til fleire som er med å støttar klubben, til meir vil Sørøyane Røde Kors og Ulstein Frivilligsentral
få av Hødd. Ein kamp med tre utfall der du er med å støttar tre frivillige organisasjonar!

Tusen takk til alle som har moglegheit til å bidra, enten det er ved å kjøpe billettar, dele tiltaket på sosiale
media eller begge deler.

TAKK FOR AT DU BIDREG!

Handlekurv

Rediger